Carl Reynolds

og fyrste Godtemplar-losja i Noreg

av dr. Idar Handagard

Den 29ande i 12te månaden 1859 skipa kvækaren Asbjørn Kloster i Stavanger fyrste norske laget mot all rusdrykk. Det byrja med 30 lagsmenner. Fleire og fleire lagsfolk skreiv seg inn, og nye lag vart skipa kring i landet. I 1875 slo dei seg i hop og vart den samskipnaden me no kallar D.N.T. (Det norske totalistlaget). Talet på lagsmennerne hadde auka mykje i desse sekstan år. I 1875 var det umlag 7 000.

Fyrste godtemplar-lagi i U.S.A.

I Sambandstatane i Nordamerika kom det (i åri fyre 1851 og deretter) upp fråhalds-lag som var på ei onnor gjerd. På engelsk fekk einskild-laget namnet lodge (losja), og dei som var med i laget kalla seg good templars d. e. godtemplarar. Presten J. N. Backus - eit merkelegt namn på ein prest og ein godtemplar! - var med og skipa ordenen, og han segjer at eit eldre lag, Knights of Jericho (Jeriko-riddarar) kalla lagi sine tempel1), og etter dette ordet vart losjemennerne kalla templarar. Men namnet godtemplarar tok dei i det nye laget av di dei reikna seg fyr betre enn lagsmennerne i «Jerikoriddarane».

Samskipnaden av alle einskild-losjone kalla seg an order (ein orden), venteleg var dei gamle riddarordenar i sume måtar mynsteret. Som dei hadde godtemplar-ordenen ymse ceremoniar elder skikkar. Hadde på seg regaljør (utanpå-kragar) i losjemøti sine, bruka passord og hadde serskilde helsinger og kjennings-teikn. Teikni var nyttige, dei gjorde det lett fyr ein godtemplar å koma til tals med ein framand som han møtte og meinte var godtemplar.

Engelsmannen Joseph Malins skildrar dette so vænt i ei tala han heldt i Porsgrunn den 8ande august 1880:

«Der er en Del, som tror at vore Hemmeligheder ere feilagtige og unødvendige; men disse Hemmeligheder er et Sprog som forstaaes af Alle om de end ei kjende hverandre Landes Sprog. Ved Ankomsten til Gothenborg [Göteborg] i forrige Uge bar en Tjener mit Tøi til Hotellet. Manden gav Tegn, som jeg strax forstod. Disse Tegn af en fremmed Mand sagde: «Jeg er Good Templar, er du?» og jeg var Mand for at svare derpaa. Vi skjønnede hverandre og rystede Hænderne som Brødre. Da jeg Tirsdag Morgen reiste fra Kristiania stod en Arbeidsmand paa Bryggen, han løftede paa Hatten, jeg gjorde det samme, og gav derpaa Tegnet, han svarede til det og jeg havde saaledes den Glæde at sige Farvel til en Broder hvis Stemme jeg vel aldri skal høre.»

Godtemplar-ordenen bygde (elder skuIde byggja) på brorskapstanken heilt ut: Same retten fyr alle folk i heile verdi utan umsyn til hamlit og rase og stand og livs-vilkor. Same retten fyr kvinna som fyr kar. So romtenkt skulde ein godtemplar vera. Men det synte seg snart at det tek si tid fyrr menneskjone kann løysa seg heilt frå gamle inngrodde fordomar.

Fyrste engelske godtemplar-losja

Til å byrja med er godtemplar-ordenen berre amerikansk. Engelsmannen Joseph MaIins var i Amerika i tvo år (frå 1866). Der vart han kjend med godtemplar-ordenen og lika'n godt, vart innrøysta i ei losja og sette seg fyre at han vilde skipa ei godtemplarlosja når han kom att til heimlandet. Det vart gjort i Birmingham den 8ande september 1868, og denne fyrste engelske godtemplarlosja fekk namnet Columbia. Etterkvart kom det nye losjor andre stader i landet. Soleis vart godtemplar-ordenen innførd i Engelland og vart på stutt tid ein stor samskipnad.

Fyrste engelske storlosja

Det var vanlegt at einskild-losjone i eit land2) - når det hadde vorte ein høveleg stor flokk av deim - gjekk saman og valde utsendingar til eit møte og skipa ei «storlosja», og i 1870 fekk Engelland si. Det er fyrst og fremst denne engeIske storlosja som kjem oss ved, når me no skal fortelja um godtemplar-ordenen i Noreg og skildra korleis han vart innførd her.

I vårt land var godtemplarordenen lite og inkje kjend so nær som av norske sjøfolk og utflytjarar som hadde råka fram-i ordenen i Engelland elder i U.S.A. Lars Balle, dansk mann men norsk borgar og fotograf i Porsgrunn, hadde høyrt gjete godtemplar-ordenen og tok til å lura på um ikkje dette kunde vera noko fyr vårt land. I 1873 rødde han med Asbjørn Kloster um saki. Kloster var open fyr alt som han tenkte kunde gjeva fråhaldstanken - Noreg. Han svara Balle so: snøggare inngang i «det bliver din og andres sag at se at faa denne bevægelse plantet her i landet.»

Det vart likevel ikkje Balle, men ein annan Porsgrunnsmann, CarI ReynoIds, som kom til å føra inn godtemplar-ordenen i Noreg. Reynolds er fødd i Sverike men vart norsk borgar og skipsførar på norsk skuta som gjekk ut ifrå Porsgrunn.

Fråhalds-laget i Porsgrunn og I.O.G.T.

I «Menneskevennen» (bladet fyr D.N.T.) les me 1ste mars 1876 dette: «Fra Porsgrund have vi modtaget Efterretning om, at der er stiftet Forening efter Principet «Totalafhold». Foreningen, der stiftedes den 22. Januar sidstleden, talte allerede den 16de Februar 60 Medlemmer og 18 Bidrags-ydere. - Man har idetheletaget godt Haab om Foreningens Fremgang der, og det lader til, at de har ordnet sig paa en særdeles heldig Maade.» -

Både Reynolds og Balle stod i «Porsgrunds Totalafholdsforening» og var med i styret. Balle som formann. I røyndi er då I.O.G.T. i Noreg utgjengen frå D.N.T. - frå den samskipnaden Asbjørn Kloster hadde skapa (1859-1875). Av svaret frå Kloster til Balle i 1873 ser me at Kloster gjerne såg at I.O.G.T. vart «planta» her i landet.

Medan Reynolds enno var berre totalist hadde han skipa eit fråhalds-lag umbord i skuta si. Det laget er som eit fyrebod på den skips-losja han fekk i stand sidan umbord i bark Høvding.

Når eg no skal til å fortelja ein grand um godtemplar-ordenen i Noreg, vil eg halda meg mest til denne fyrstemannen og det han fekk gjort fyr fråhaldssaki i 1877 og sådan. So vil eg tala um dei fyrste norske godtemplarlosjone som gjekk saman og skipa den norske storlosja av I.O.G.T. i 1878. Deretter vil eg skildra sjømannen og skipsføraren og menneskja Carl Reynolds og fortella um heimen hans i Porsgrunn. Til slutt vil eg segja nokre ord um det verd og den vegt det hadde fyr I.O.G.T. i det heile at Carl Reynolds fekk «planta» godtemplarordenen i Noreg i 1877. Og at Lars Balle fekk høve til å gjera det same i Danmark i 1880.

Dei upplysingane, eg kjem med, hev eg frå fyrste hand. Fødeåret (dag- og månads- og årstal) hev eg ifrå svenskt arkiv. Skriftlege og munnlege ord etter Carl Reynolds sjølv og etter enkjefru Augusta Reynolds og sønene Johan og Hans Reynolds og dotteri, fru Charlotte Foltz (gift med ein amerikansk advokat). Dessutan ymse andre fråsegner frå næraste skyldfolk og vener og medarbeidarar, frå lags-protokollar og gamle tidskrifter og blad. Sjølv var eg gjest i Reynoldshuset i Porsgrunn i 1909 - då livde fru Reynolds enno. Og sådan kom eg til å leiga det huset og bu i det i 11 år (frå 1921 til 1931). Men berre ein part av tilfanget mitt kunde eg taka med i denne stutte utgreidingi.

Carl Reynolds

er - etter uppgåva til meg frå svenskt arkiv - fødd i Söderköping Sverike den 28ande september 1840. M. a. o. ein dag tidlegare enn gamle og nye minneskrifter segjer.

Byen ligg i sudluten av landet og på auststrandi: Det svenske ordet köping tyder vel, som det gamle norske kaupang, ein handelsplass. Söderköping er ingen stor by men gamall, og den tid Carl Reynolds voks upp hadde byen mange ærverdige kulturminne, millom anna ei eldgamal kyrkja. Det var ein handelsby og sjøby, han hadde båtvervar og dokker. Det vart havet som fanga gutahugen, og den unge Carl fôr til Stockholm og tok hyra som skipsgut. Dette hende i 1858. Då var han 18 år gamall. Det gjekk femogtjuge år fyrr han såg att den svenske hovudstaden, og då som utsending frå den norske storlosja til storlosjemøtet i Stockholm 1883.

Vetteren 1860-61 kom han til Noreg. Det ser ein av Söderköpings husförhörslängd fyr året 1860. Der heiter det um sjømannen Carl R.: Hemkom från London 28.-9. 1860. Reser 9.-10. 1860 till Sundsvall, bliver i vinter uti Norge.» - Han vart verande i Noreg ikkje berre den vetren, men mange vetrar. Han vart nordmann.

Det var trelasten og Øystersjøfarten som førde Reynolds hit, og sjølv kom han sådan til å baska mykje med trelast - men helst med den ifrå langframande land og frå den nye verd, so som de snart skal få høyra.

Han gjekk styrmannsskulen i Porsgrunn. Um det, som deretter hende, hev han fortalt i ei dagbok som han heldt i yngre år:

«Det var vaaren 1862 at jeg efter at have faaet styrmandsexamen, tog over til Antwerpen med en Skiensbrig for at søge hyre med udenlandsk skib, tiIdels grundet paa de smaa hyrer hjemme (32 kr. for matroser) saavel som den som oftest daarlige kost ombord i flertallet av vore skibe dengang. Jeg behøvede ikke længe at søge efter hyre, da jeg allerede tidligere havde faret med saavel amerikanske som tyske skibe og havde gode attester. Jeg tog da matroshyre med et fint amerikansk skib, «Hamlin» af Boston, 1 300 ton, 45 kr. pr. maaned; turen gjaldt Lima i Peru og tilbage til Europa.»

Det var eit underlegt mannskap og underlege offisérar han var komen i lag med. So underlegt var alt umbord i skuta at han kallar skipet «et slaveskib».

Um kvelden, dagen etter mynstringi, skulde alle mann vera umbord. Dette gjekk fyre seg slik som skikken jamnast var dengongen: Losjihusvertane kom køyrande elder dragsande med kvar sin mannskapsflokk til skuta, og styrmennerne og det andre tilsynet umbord stod ferdige og tok imot deim på janki vis. Andrestyrmannen gav ein av båtsmennerne order um å hjelpa losjihus-vertane med å få folki yver rekkja og inn i ruffen. Men det var ikkje lett. Dei fleste av mannskapet var drukne, og me veit korleis drukne folk ber seg åt. Nokre vart då dregne inn. Men andre vart stengde på dekket som ein vareballe og sparka til side av vaktmannen når dei låg i vegen. Understyrmannen, ein kjempestor irlending, skjellte ut losjihusvertane og meinte dei fekk vera umbord og fylgja med ned til Vlissingen og hjelpa til å manøvrera skuta til mannskapet hadde sove verste ruset av seg og var nokolunde arbeidsført. Um dette vart det stor trætta og mykje bråk.

Skipet skulde ut av dokken kl. 3 um morgonen. Reynolds hadde havt sine ting umbord tidleg på kvelden, hadde funne seg ei køy og lagt seg, vilde kvila. Men ro var det ikkje til å få. Folki i ruffen - dei var frå mange land - dreiv på og banna losjihus-vertar og hyrebasar og alle deira handlangarar på ymse tungemål. Ein av dei drukne fyrane kom ragande burt til køyi der Reynolds låg, og gav han eit hardt slag på høgre auga og ropa: «Heraus You damned dutchman! Dette er mi køy.» Reynolds fôr upp og ut på dekket, vilde finna noko vatn og bada auga, det verkte fælt. Spurde båtsmannen, som hadde vakt, kvar vatn var å finna, men fekk til svar, at hadde han vore i slagsmål fekk han hjelpa seg sjølv. Endeleg fann han ei vatspøs og hala upp vatn frå dokken og bada auga. Gjekk so til understyrmannen på halvdekket og sa at han vilde gå i land og beda losjihusverter. sin senda ein annan mann umbord i staden fyr seg. Men understyrmannen meinte på det at han fekk vera der han var, og lét so at han snart skulde greida upp med alle saman.

No kom losen umbord i lag med kapteinen, og strakst etter ropa vakthavande båtsmann: «Alle mann på dekk!»

Folki i ruffen murra, syntest det var altfor tidlegt å måtta upp kl. 3 um morgonen og utan so mykte som ein kaffeskvett. Men det var ikkje mange minuttane so hadde alle kara seg upp og ut.

Millom mannskapet var det mange hollandske og flamske. Det var folk som hadde sete på eit skræddarbord elder på ein skomakarkrakk elder drive med eit anna handverk og visste ingenting um sjømannskap. Men 2drestyrmannen var hard mot deim og tulla deim reint burt. Dette kom Reynolds eingong til å nemna og lasta, og ein fisletut bar ordi hans til 2drestyrmannen. Etter den tid hadde 2drestyrmannen ikkje noko godt auga til Reynolds og pønska på å gjera han ei pretta. So ein dag sende han Carl til vers og gav ein order so vriden og rang at det hadde vore uråd og livhætt å fylgja ordren etter bokstaven. Men då 2drestyrmannen snudde ryggen til og gjekk sin veg, får Carl etter den sjømannskap han hadde lært og fekk greidt floken i riggen. Nett då kom 2drestyrmanen attende, såg blidt på Carl og sa: Well done, Charlie. Og sidan var han venlegare mot Reynolds. -

Det var ikkje berre fornamnet sitt Carl fekk amerikanisera på desse skipi som hadde engelsktalande offisérar. Det gjekk same vegen med etternamnet. Upphavleg vart det stava Reinhold, men dette var so likt det engelske Reynolds, at han godtok denne formi og kom til å skriva det so. Ei tid utan h, so med h, men til slutt utan. (Alle borni hans skreiv det på sidste måten - utan h). Og soleis stend det no på minnestytta i Porsgrunn. Slik lyt då alle skriva det.

Ei skissebok. Ein vidfaren sjømann og ein vitekjær kar

I desse ungdomsår pusla Carl Reynolds i fristundene umbord ikkje lite med blyant og fargeskrin. Eg hev set igjenom ei skissebok han hadde. Ei frå 1860 og utetter. Av den kann ein sjå at han alt dengongen var på god veg til å verta engelsmann i ord og namn. Utanpå skisseboki hev han skrive med flotte trebokstavar:

DRAWINGBOOK FOR CHARLES REYNOLDS

Under namnet stend: Industria 1860. - Industria det tyder trott, og her hev han gjeve seg sjølv eit rett og sannt skotsmål. For kven vil neitta at Carl Reynolds var ein trottug kar all sin dag? På sjøen og på landjordi.

Underskriftene under bilæti er på engelsk allesaman. Det er so rimelegt. Det var helst engelsk-amerikanske skip han får med; han laut læra seg målet.

Denne skisseboki er forvitneleg. Her er skutor og bygder og minnerike stader. Her er pisang og kokuspalma, her er lyrefugl og paradisfugl, øyrestyng og fivreld, fyrtårn og palmehytta og pagoda, St. Helena og Napoleonsgravi, solrenningar og måneskins-næter, træleskip i ljos loge, strid millom orlogsmenner, stolte fullriggarar med fyllte segl, uver og forlis og skips-rak. Storstorm og mange, mange forlis. Sjølv kom han sidan til å uppliva eit då han hadde fenge ei norsk skuta å føra.

Det var ein vaken ung sjømann, dette. Ein som høyrde og såg. Ein som kjende og tenkte. Ein som var forviten og vilde læra. Ein som hadde fare vidt og fekk sjå mykje.

Bark Constantia og I.O.G.T.

Carl Reynolds gifte seg med ei Porsgrunnsdama, frk. Augusta Karth, og bygde seg hus i øystre Porsgrunn på ei brandtuft han hadde kaupt av ein blokkmakar. Reynolds-huset stend i Smalgata (no umdøypt til «Kjølnesgaten»). Det er no på framande hender. -

Styrmannen, som tok ut som matros på langframandt skip, steig snart i gradene og vart skipper på norske skutor. Jørgen C. Knudsen på Borgestad var i 23 år skipsreidaren hans.

Og her vil eg skriva um ei av dei Porsgrunnsskutone Carl Reynolds kom til å føra. Ho het «Constantia» (det er: stødleik). Namnet høvde godt på skipperen og. Carl Reynolds var trufast mot meiningane sine til det sidste.

Det hev vore skrive og sagt at det var bark Høvding som var i Hull i 1876 og henta godtemplar-ordenen heim til Porsgrunn. Men nei, det er gale! Det var bark Constantia. Min kunnskap hev eg frå dekksguten som då (i 1876) var 16 år. Han er ein velkjend Porsgrunnsmann og heiter A. A. Tangvald.

Skuta gjorde tvo turar millom Kvebec og Hull um sumaren. Ho førde trelast. På andre turen hende det ho sopass mykje, at det var nærepå, at skuta og skipperen ikkje hadde kome heim til Noreg med nokon godtemplarorden. Då ho tok ut frå Hull, gjekk ho på land nordanfyre Spurnhead. Det er i innlaupet til fjorden som gjeng upp til Hull. Dette hende i flod sjø. Då det fjøra av, vart skuta liggjande på turre landet. Det kom ein mann ridande på eit asen. Han reid nedåt skuta og batt asenet i ankerkloi som låg på sanden. Det var ei lang sandstrand der skuta hadde sett på. Då det vart flod sjø, fekk ho hjelp av tvo slæpebåtar som drog henne av grunnen.

Dette var no ikkje det fårlege hendet. Men det på sidste heimturen frå Kvebec. Då såg det spøkjelegt ut fyr folk og farty. Skuta sprang lek. Ho flaut på trelasten, men vatnet stod upp i kahytta under dekk. Skuta heldt på å gå rundt - vatnet valt yver til sida i sjøane. Dekksguten tenkte tid fyre tid: no kvelvar ho! Det vart pumpa i mange dagar. Dei kom seg då inn til Hull, lossa dei store Kanada-stokkane og tok inn kol til barlast og siglde heim.

Her på denne turen til Hull vart Reynolds kjend med ein engelsmann, godtemplarsmeden William Woodall, og gjenom hann med godtemplarordenen i Engelland og vart uppteken i ei losja i Hull. Woodall gjesta Noreg i 1885 og fortalde då um dette og kalla seg «far til godtemplar-ordenen i Noreg». Losja i Hull høyrde til den Malinske grein av Independent Order of Good Templars.

Dekksguten fortalde meg at Reynolds hadde godtemplarregaljor med seg umbord i «Constantia». Han synte deim fram til mannskapet på heimturen. Og han hadde det som vigtigare var: skriftleg fullmagt frå Joseph Malins til å skipa godtemplar-losjor i Noreg under den engelske (Malinske) grein av godtemplar-ordenen. 3dje dag jol kom skuta inn til Langesund.

Dette er soga um bark Constantia og det gode den og skipperen fekk gjort fyr I.O.G.T. i Noreg.

Fyrste godtemplar-losja i Noreg

Etter Reynolds var heimkomen, fekk han og 7 andre i stand «Første Norske Loge No. 1» av I.O.G.T. Losja vart skipa i heimen hans i øystre Porsgrunn den 8ande mars 1877 etter fullmagti som han hadde med seg frå Joseph Malins til å skipa losjor i Noreg. Til losje-rom bruka dei «besste stova»; ho er i austenden av Reynolds-huset.3)

Losja fekk namnet «Første Norske Loge No. 1». Fyrste Ø.T. (øvstetemplar) vart Carl Reynolds. Og Lars Balle vart L.D. (losje-utsending).

Same året som losja vart skipa kom «Konstitution og Tillægs-Love for Underordnede Loger af den uafhængige Orden «Good Templars». Oversat fra Engelsk ifølge Fuldmagt fra Storlogen af England. Forlagt af «Første Norske I Loge No. 1». Porsgrund 1877. Trykt i L. Jacobsens Bogtrykkeri.

Kva krov denne fyrste Konstitutionen av sine godtemplarar?

I «Almindelige Regler» heiter det: «Ingen Person kan faa Adgang til denne Orden som Medlem, undtagen han tror paa den almægtige og evige Gud, som hersker over alle Ting, og er villig til at aflægge vor Forpligtelse for Livstid;»

Det er greidt at den fyrste av desse tvo reglane kunde ikkje gjera godtemplar-ordenen til eit brorskaps-lag fyr alle folk i heile verdi. Kvækaren Asbjørn Kloster var meir vidsynt og framsynt her; § 2 i hans «Regler» fyr Stavangerlaget mot all rusdrykk segjer:

«Adgang til Indtrædelse som Medlem i Foreningen staaer aaben for Enhver, af begge Kjøn, af hvilkensomhelst Religions-Bekjendelse han eller hun er.»

Sia det er den rette og einaste tolsemd! Det er den som kann samla alle folk og rasar i eit sams brorskapslag.

Dette hev den internationale godtemplarorden i Noreg lært -: han blandar ikkje tru i inn i sine reglar meir. So no kann han med sanning segja at han er ein samfolkeleg brorskapsorden.

D.N.T. derimot hev - etter Kloster var burte - gjort elt stort atterstig og drege religionen inn i vedtektene sine.

Den Iivsvarige lovnaden hev I.O.G.T. stroke. Som rimelegt er: Eit lag, som vil freista å berga deim, som hev vant seg på rusdrykken, det kann ikkje koma med eit so urimelegt krav til den drikkekjære. Det veit kor vanskelegt det er fyr alkoholisten å halda det. Og kor ofte han bryt det. Artikel 11 i Konstitutionen hev lovnaden («Forpligtelsen»). Den lyder so:«Intet Medlem maa tilberede, kjøbe, sælge, bruge, anskaffe eller forlede Andre til Brugen af nogensomhelst Slags Spirituosa, Vin, Porter, Øl, Cider som Drik, og hvert Medlem skal efter bedste Evne og Anledning og paa enhver lovlig Maade søge at modarbeide Tilberedelsen, Salget og Brugen deraf.»

Dette er ein heilhuga fråhaldslovnad. Og det er ei kjend sak at I.O.G.T. i Noreg kvitta seg snøgt med pottølet4) og annan lettedrykk. Det gjekk ikkje fullt so snøgt fyr D.N.T. å gjera det same. Men me kann no segja at båe desse fråhalds-lagi ser ein stor fåre i lettølet. Båe lagi ser på fråhaldssaki soleis at ho hev tvo fyremål. Det eine er: å læra folk å halda seg burte frå rusdrykken. Det andre er: å frigjera deim som hev vant seg på rusdrykken. Og då er vel lettøls-drikkingi den vissaste råd til å øydeleggja avvenjings-kuren.

«Almindelige Regler» (i «Konstitutionen») helsar alle Klassar velkomne til Ordenen:

«Den Unge, at han kan bevares for Fald og for Fristelsernes Snarer; Drankeren, som alvorlig ønsker at forbedre sig, at vi kunne være ham behjelpelig med at bryde de Lænker, der binde ham; den moralske og dannede Mand, at vi ved at forene disse Elementer i Samfundet bedre kunne fremme Afhold og Moralitet.»

Nye losjor vert skipa

Etter «Fyrste Norske» tok det snart til å koma nye godtemplar-losjor i andre byar i Noreg og i den rekkjefylgja som her er sett: Ora et Labora (i Stavanger), «Folkets Vel» (i Bergen), «Fremtids Haab» (i Brevig), «Bethlehems Stjerne» (i Laurvig), «Standhaftighed» (i Bergen), «Oskar» (i Bergen), «Kamp og Seler» (i Stavanger), «Fredens Hjem» (i Kragerø), «Protektor» (i Stavanger), «Jakob Molay» (i Christiania); o. fl. (Alle bynamn her er skrivne med den unorske stavemåten dei dengongen hadde).

Den norske storlosja vert skipa

Frå alle dei losjone som var skipa, vart det sendt ein søknad til Right Worthly Grand Lodge of the World i Engelland um å få eigi Storlosja fyr Noreg. Svaret var ja, og Joseph Malins sende den målkunnige WiIIiam Porter til å greida med skipingi. Utsendingar frå dei 11 losjor, som alt er nemnde, møttest i Porsgrunn den 14ande juni 1878 i Arbeidarsamfunds-lokalet. Broder Porter la fram si fullmagt og gav syttan kvalificera (fullgode) losjemenner storlosjegraden. So var det val på «Det Udøvende Raad». Desse vart valde: til stortemplar Lars Balle (Porsgrund), til rådgjevar O. G. Tolnæs (Christiania), til varatemplar Thormod Wetteland (Stavanger), til sekretær R. J. Pedersen (Bergen) og til skattmelstar L. E. Milde (Bergen).

Etter at alle val og utnemningar var gjorde, «erklærede dr. Porter Norges Storloge for den Uafhængige Orden «Cood Templars» for retteligen stiftet og organiseret.»

Etter Noregs Storlosja fyrste gongen var opna, gjorde ho dette vedtaket: «Storlogen afholder sine ordinære Møder hver tredle Tirsdag i Juli; første Gang i Stavanger 1879.»

Ordensbladet Den Norske Good Templar kom med sitt fyrste nr. i Juli 1878. Det hev varme ord um den engelske utsending: «Br. Dr. Wm. Porters Optræden her i Norge kunde ikke andet end vække Alles Erkjendtlighed. Et heldigere Valg havde vel den Høi Ædle Storloge neppeligen kunnet gjøre. Velbekjendt med det norske Sprog5) , vennesæl og omgjengelig gav han alle de Oplysninger, Vink og Raad, som man kunde ønske, -.»

Her vert ikkje rom til å skriva um fleire storlosje-møte. Eg vil berre nemna dei væne innleidings-ordi som «Den Norske Good Templar» hadde i juli 1879 i sin umtale av Storlosjemøtet i Stavanger.

«Good Templarordenens første Aarsmøde for Norges Storloge afholdtes den 15de, 16de, 17de og 18de Juli d. A. i Stavanger. Denne By, der rager langt frem i Rækken blandt Norges ældste Stæder, maa tillegges Æren for at have indført Totalafholdsprincippet i vort Land; og den Mand, der ved denne Anledning har gjort sit Navn udødeligt, er - Asbjørn Kloster.»

Lars Balle

Det var elt godt val storlosja gjorde i 1878 då ho valde Lars Balle til stortemplar. Han vart ei drivande kraft i arbeidet fyr ordenen i Noreg på landjordi. Carl Reynolds hadde ikkje berre ein idé, men ei skuta han laut passa. Men han gjorde det han kunde fyr I.O.G.T. i Noreg til sjøss som me sidan skal høyra.

Etter uppmoding frå Danmark reiste Balle dit ned og fekk skipa losja «Tempelherren» i København i mars 1880. Fyrste øvstetemplaren i den losja var dr. H. Selmer, og losjefolki var velstandsfolk. Men snart kom det i Danmark andre losjor som høvde betre fyr folk flest.

Balle var S.T. i Noregs Storlosja 1878, -82, -83 og -84. Og S.S. i 1879, -80 og -81. Han krov orden, trott og ihuge i arbeidet av seg sjølv og andre, og var ikkje rædd fyr å segja ifrå når han var misnøgd og tykte medarbeidarane skulka. Då vog han ikkje ordi sine på gullvegt.

Korleis vart ordens-arbeidet drive i dei fyrste åri?

Me snur oss atter til Porsgrunn for der var det at ordens-arbeidet byråa, og av bladi ser me at «Fyrste Norske Loge No. 1» held møti sine på Kammerherresalen.

Den 5te mars 1879 hadde losja tvo-års-fest både fyr seg sjølv og fyr innføringi av «Good Templarismen» i Noreg. Det møtte burtimot 100 losjefolk fra Fyrste Norske, brør og syster. Dessutan kom det tri brør frå «Bethlehems Stjerne» i Larvik og seks brør og ei syster frå «Fremtids Haab» i Brevig. S.D. broder Reynolds heldt festtala, Han greidde ut um grunnsetningane som godtemplar-ordenen hadde og synte kor raskt ordenen hadde breidt seg ut her i landet i den stutte tidi sidan han vart innførd. Eggja losja til å driva på med arbeidet so ho til næste årsfest kunde samlast innanfyre eigne veggjer og under eige tak.

Ø.T., br. Balle tala um upphavet til ordenen. Fortalde at i 1851 fannst det i staten New York «Foreninger med særegne Love, Regler og Skikke, som kaldte sig Good Templars; - - - Foreningerne sine kaldte de Loger». I 1851 vilde dei skipa el «storlosja», men på utsendingsmøtet vart det usemja, og ein flokk av losjone skilde seg ut, og derifrå kom namnet «Uafhængige Orden Good Templars». Det er denne «Uafhængige» grein som hev gjenge sterkt fram, fyrst i Amerika og Kanada, sidan i Engelland og Skottland og Irland og no hjå oss og i mange andre land. -

I notis dagsett 4. april 1879 stend det at 1. «Fredens Hjem» i Kragerø hadde sin fyrste årsfest «i Middelskolens Gymnastiklokale. Der hang det i stort Format Portræt af afdøde Kjøbmand A. Kloster, Stifter af Norges Totalafholdsforeninger.»

Den 8ande juni tok 80 losjemenner av «Fyrste Norske No. 1» ein tur med «Storegut» til Laurvig. På turen kom det med syster og brør frå losjone i Brevig og Kragerø og Risør. Fint stillt ver. I Larvik heldt dei møtet sitt i «den for sin Naturskjønhed vidt berømte Bøgeskov.» Der var song og talor slag i slag. Mykje folk frammøtt.

Reynolds på Storlosje-møtet i Liverpool

Den 15. til 17. juli 1879 var CarI ReynoIds utsending frå Noregs Storlosja til Storlosje-møtet (fyr Verdi) i Liverpool og sender Ø.T. iv hr. L. Balle, Porsgrunn, eit langt brev um møtet. Han skriv m. a.:

«Blandt flere Talere var ogsaa jeg, og høstede som jeg tror, almindeligt Bifald. Derpaa blev jeg, Br. Malins (som De kan vide det var hyggeligt for mig at træffe) og flere Repræsentanter indbudne til The hos Mr. Bebbington, Bestyrer for Parken» (som møtet var i). Søndag Eftermiddag holdtes der Evangelisk Afholdsmøde (Gospel Temperance meeting) i Henglers Circus, der rummer flere Tusinde Mennesker. Jeg blev da opfordret til at tale - - - og som jeg tror tilfredsstillende, da jeg siden blev anmodet om at tale paa 3de Steder de følgende Aftener. Den samme Aften - - - - talede 2de Biskopper og en forhenværende Negerslave som nu er Sekretær for Storlogen i North Carolina. Mandag den 14 holdtes et stort Modtagelses-Møde i Henglers Circus. Der blev holdt kraftige Taler af mange Repræsentanter og dertil den deilige Sang af 500 Børnetemplars. -

Da Valget af nye Bestillingsmænd for Storlogen for Verden foregik under stor Begeistring, blev ogsaa jeg foreslaaet og havde ogsaa den Ære at faa flere Stemmer til H.Æ.Ø. Raadgiver, men Br. Pastor Rinckney (Neger) fra Syd Carolina fik de fleste Stemmer og blev saaledes valgt. Imidlertid fik jeg alligevel Saede i Storlogen for Verden som H.Æ.D. Marskalk og Norges Storloge har saaledes den Ære at have Sæde i Verdenslogen.

Thorsdag Aften den 17de maatte jeg sige Farvel til Brødre og Søstre, da jeg modtog Brev fra min Styrmand, hvori han underrettede mig om at Skibet var seilfærdigt. -- - - Netop som jeg skulde gaa kom der Telegram fra Storlogemødet i Stavanger, der blev oplæst og besvaret med et tre dobbelt «Leve Norge!» idet hele Forsamlingen reiste sig og derpaa omringedes jeg af Hundreder af Brødre og Søstre der alle vilde trykke min Haand til Afsked.»

Til Balle segjer Reynolds til slutt: «Det glædede mig inderlig at høre at Storlogemødet i Stavanger fik et saa godt Udfald.»

Det var andre enn Reynolds og Balle som gledde sig yver det same. Fyrst og fremst Joseph Malins. I Oslo hadde det vorte skipa ei losja av den negerfiendske Hickmanns-grein av godtemplar-ordenen; sidan kom det fleire. Og den negervenlege Malinsgrein i Engelland og i Noreg tok til å ottast at Hickmanns-greini skulde koma til å vinna i tevlingi.

Difyr skreiv WilIiam Porter eit ope brev (dagsett Driffield 1ste juni 1879, uppteke i D.N.G.T. i juni same året) til norske brør og syster, og synte delm kor ille den hickmannske grein hadde synda mot hovudgrunnsetningi i godtemplarkravet: same retten fyr alle menneskjor «uanseet deres Huds Farve eller deres Fødsels Vilkaar.» Porter viser til det som hadde hendt i elleve av sudstatane i U.S.A.: at storlosjone der hadde teke seg rett til å stengja negrane ute frå kvite losjor og sa «at ingen Person, eller Personer, skal blive tilstedt Adgang til vor Orden, som ikke er hvid og født fri.» Øvste rådet i den Hickmannske ordensgrein hadde tolt dette brotet på I.O.G.T.s grunnsetning: «Lige rettigheder for alle mennesker.»

Stavanger-vedtaket i 1879 var helder spakt. Det sa berre: «Det paalægges storlogens udøvende raad at søge efter bedste evne at komme til klarhed i spørgsmaalet om de 2 ordener af Good Templars og derefter gjøre sin innstilling om, hvad der i denne sag bør foretages for at tilveiebringe enten tilslutning, overgang eller passivitet.»

Men Porter lotte Storlosjevedtaket i Stavanger var sopass godt at han kunde telegrafera til Malins: Noregs Storlosja er berga (på engelsk: saved). Han meinte: berga fyr den Malinske ordensgrein i Noreg.

«Nytaarshilsen» frå br. Carl Reynolds

(prenta i D.N.G.T. januar 1880) kjem inn på Negerspursmåmet: dei kvite godtemplarane i Sudstatane i U.S.A. vilde ikkje sleppa neger-godtemplarane inn i losjone sine, segjer han, men laga losjor som skulde vera berre fyr dei svarte. Han er hann og skriv:

«Det viser sig desværre, at Hovmodsaanden allerede har trængt sig ind iblandt os, idet flere af vore Medarbeidere har begyndt at gjøre Udskeielser og afveget fra vor Ordens oprindelige Principer «Lige Rettigheder» for alle Mennesker. Hvo af os som har lært sin Kristendoms Kundskab, tør benægte, at alle Mennesker, uden Hensyn til Farve eller Race er vor Næste? Og hvorledes lyder ikke det store Bud i Loven? «Du skal elske din Næste som Dig selv! - - - og derfor Venner, skal vi ikke lade os forlede til at afvige fra vor ædle Ordens Grundprinciper. I kan være forvisset om, at Nedskriveren heraf har havt rig Anledning til praktisk at undersøge dette Spørgsmaal, idet jeg har været tilstede ved varme Debatter i denne Sag, saavel i England som Amerika. Jeg har ogsaa havt megen Omgang med Negere og kan ærligen forsikre, at der blandt denne Race findes ligesaa elskverdige Mennesker, som blandt de Hvide, især der, hvor Oplysning og Dannelse er kommen til. Paa det store Møde af Storlogen for Verden i Liverpool i Sommer, var flere Negre fra Sydstaterne i Amerika tilstede som Repræsentanter, og jeg kan forsikre Eder, at de udfyldte sine Pladse med Hæder. Vi har saaledes ingensomhelst Grund til at afvige fra et af vor Ordens Hoved-Grund-Principper, -»

Joseph Malins i «Første Norske»

Den 8ande august 1880 tala Malins i godtemplar-lokalet i Porsgrunn. Han sa (etter D.N.G.T.) m. a.:

«Drikkeskikkene er Roden og Drukkenskaben er Drikkens Frugt. Det England, Skotland og Irland dør der aarlig 60 000 Mennesker er sagt at i som Drankere. Det er uden Tvil at der ogsaa i Norge dør Tusinder som Følge af Brugen af de berusende Drikke. Hvem var disse Drankere, som saaledes omkom, og hvor er de? Det er de som omkom under Forsøget paa at være Maadeholdne. Der findes ingen anden Maade at faa Ende paa Drikken end at slutte med at drikke. Vi maa ikke alene afstaa fra Spiritus, men ogsaa fra Vin, Øl, Porter og alle berusende Sager. Dette er den Lektie som Good Templarne lærer Menneskene hele Verden rundt.

For faa Aar siden var den engelske Sømand bekjendt for sin Drukkenskab. Nu har vi Loger i Krigsskibene og naar de komme til en Havn i et fremmed Land er Spørgsmaalet ikke om Drik, men derimod om at faa stiftet en Loge.

Vi har ogsaa udgivet flere 100 Pund til Missionen blandt Negrene i Sydstatene i Amerika. Saalænge de var Slaver var de nødte til Afhold, men siden deres Frigivelse drikke de, og der trænges særligt til Arbeide blandt dem. Vi fandt dog at de hvide Good Templars ikke vilde taale de sorte blandt sig. Vi besøgte Syden og forsvarede deres Menneskerettigheder, men de hvide vilde ikke give dem Rett. Vi skilte os derfor fra disse egenkjærlige og rakte høire Haand til disse undertrykte Sorte. Vi forsøger saaledes paa at samle alle Nationer, uanseet Farve, til én kjærlig Forening.

Kaptein Reynolds her af Porsgrund der havde forenet sig med os i Hull, stiftede for 3 Aar [siden], ifølge tilbørlig Fuldmagt fra mig, den første Loge her; det Lokale hvori vi nu befinde os, er en Frugt deraf. Vi har nu 40 Loger i Norge og vi har det Haab at de skal udføre et stort Arbeide. For to år siden blev Norges Storloge stiftet her i Porsgrund, og det har glædet os meget at modtage Repræsentanter fra Norge til den Høi Ædle Storloges Møder. Jeg har længe gjennem Korrespondance haft den Glæde at kjende Balle, som lever her blandt Eder, men først nu seet hans Ansigt. Jeg har ogsaa længe ønsket at besøge Norge, for at kunne staa Ansigt til Ansigt med Brødre og Søstre her.»

Til Slutning udtalte han det Haab, at Ordenen skulde lære Menneskene det sande Broderskab og at den skulde hjælpe til at afskaffe Krig blandt Folkene.

Reynolds fær sjå att fødelandet sitt

I 1883 var kaptein Carl Reynolds utsending frå Noregs Storlosja til storlosjemøtet i Stockholm den 14.-17. august. Han sender stortemplar Balle ei hjarteleg helsing frå svenske brør og syster, og segjer til slutt:

«Jeg forlod med underlige følelser Sveriges stolte hovedstad efter et fravær af ca. 25 år; og storartede forandringer var skede siden jeg som sklbsgut dersteds tog hyre for at prøve min lykke paa havet.»

Det var ikkje rart at mange tankar kom upp i han når han såg attende på desse femm og tjuge år som var farne. Mykje hadde han røynt som matros og styrmann. Og som kaptein. Det som hende med bark Constantia i 1876 er alt fortalt. Eit rettelegt forlis vart han ute fyr in annan gong då skuta hans i eit uver kom for nære den langgrunne og lymske Hollandsstrandi. Men mykje godt og gledelegt hadde han fenge upplivt. Og fyr sitt land og sitt sjømands-stand hadde han fenge gjort meir enn dei fleste skipsførarar. So dei høver utruleg godt på han dei ordi som den irske styrimannen umbord i den amerikanske snøggsiglaren sa: Well done, Charlie.

Og her høver det godt å fortelja um

Bark Høvding og fyrste norske skips-losja

Men fyrst vil eg minna um at Carl Reynolds var totalist fyrr han vart godtemplar. Dekksguten (Tangvald) fortalde meg at skipperen hadde som eit «fråhalds-lag» umbord i «Høvding» og fekk folki til å «skriva seg inn». Her hev ein liksom upptaket til fyrste norske skips-losja. Um den vil eg ikkje fortelja etter munnleg segn, men etter sjølve losjeprotokollen:

Tidleg um våren 1887 var Reynolds i Birkenhead i Engelland. Han førde då bark Høvding (segjer protokollen). Den 29. mars kom han og 10 av mannskapet saman i kahytta. Dei vilde få i stand ei skips-losja. Tilstades var professor (i mål) William Porter og dotter hans, Elisabeth. Dei tvo hjelpte til med skipingi. Båe høyrde til I.O.G.T. («Den Uafhængige Order Goodtemplars» som det heitte dengongen på sin underlege dansk engelsk) - Dessutan var tri andre engelske ordens-systkin tilstades som gjester.

Etter avrøysting vart det fastlege at losja skulde heita «Høvdingen». Dei fyrste 11 losjemennerne åtte heime i Porsgrunn allesaman. Og Porsgrunnsfolk kunde tykkja det var gildt å få vita namni. Her er dei, allesaman: Carl Reynolds, Martin Johnsen, Ole A. Berg, Jørgen Johannesen, Nils Isaksen, Hans C. Hansen, Michal Olsen, Anton Mathisen, Lauritz Martinsen, Peder Hansen, Andreas Riis.

Etter installeringi sa br. Porter «paa norsk» (bogsprog) nokre hjartelege ord til den nye losja. Han ynskte ho måtte verta ein livbåt som kunde fiska upp mang ein villfarande bror. Han vona ho vilde «lig en tapper «Høvding» føre den store reform frem til lykke og velsignelse for den hederlige stand.» - Kaptein Reynolds takka br. Porter og dotter hans fyr hjelpi, og møtet slutta med bøn kl. 10½. «Aftenens Indtægt Kr. 5,50». Dette er «saaledes den første Norske flydende loge», skriv Reynolds i losje-protokollen same dagen. «Maatte Herren den almægtige se med vel behag til denne vor gjerning og maatte Logen blive et virksomt middel til at fremme ædruelighedens goder og dermed følgende velsignelser blandt vore kjække sømænd.»

På landjordi og til sjøss er då Carl Reynolds fyrste mannen fyr I.O.G.T. i Noreg. Kor mange skips-losjor det sidan er kome i stand umbord i norske skutor, veit eg ikkje. Men eg er rædd: altfor fåe.

Reynolds fekk (som me sidan skal høyra) stor gleda av det arbeid han tok upp i 1887 med å vinna norske sjøfolk fyr fråhalds-saki og godtemplarordenen.

Fred og forlik millom godtemplarbrør

vart det endeleg vedteke i Saratoga den 26ande mai 1887 etter dryftingar som hadde gjenge fyre seg hausten 1886 i Boston Massachusetts. Til leidar fyr den sameinte godtemplarorden valde dei John B. Finch. Men han brådøydde same året (1887) og Wm. W. Turnbull laut taka på seg leidararbeidet. Han hadde ei merkeleg evna til å få semjor i stand jamvel der dei tvo ordens-greinene stod allrastridast imot kvarandre.

Store tap hev båe greinene havt av den langvarige usemja. Lagsmannstalet minka stygt hjå båe. Ei stor lukka midt i ulukka var det då at Reynolds i desse stridsåri fekk planta godtemplar-ordenen i Noreg (1877), og Balle i Danmark (1880). Fyrste losja på Island vart skipa i 1884 av nordmannen Ole Lied som hadde fullmagt frå den norske stortemplar, Lars Balle. Losja fekk namnet Isafold.

Etter sameiningi hev I.O.G.T. (den internasjonale elder samfolkelege godtemplar-orden) gjenge sterkt framm og vorte planta i alle heims-luter og i mange land. Tvo store heims-ufredar hev minka lagsmanns-talet ikkje lite. Det er alltid so. Fred og fråhald høver besst i hop, ufred skapar used.

Reynolds-heimen. Skipperen ute og heime

I 1909 var eg ein tur til Porsgrunn og gjest i Reynolds-heimen. Enkja, fru Augusta, livde enno og hadde halde huset i den gamle skikk. Yngste sonen, bokmannen Hans Reynolds, var heime. Dotteri, fru Charlotte Foltz (gift med ein amerikansk advokat) var heime på vitjing. Ho synte meg gravi åt faren på Porsgrunns kyrkjegard. Gravi ligg på ein høg, væn stad og det var sett ei vakker stytta på gravi. Tett innmed var gravi åt Ole Thorsen som i mange år var styrmann umbord i bark Høvding.

Reynolds-huset i øystre Porsgrunn ligg ikkje langt ifrå den vesle Osebru. Nedanfyre huset og hagen renn det ei å som heiter Lille-elv (elder Leirkupen). Det er ei still og helder djup å. Ein kann ro med båt langt uppigjenom. Ho renn ut i Skiensvatsdraget. I bakkehallet på braddene er det hagar med aldetre og bertre og blomar. Ovanfyre hagane og vegen stend husi; småe, ljosmåla hus på (fyr det meste) halvonnor høgd og gjerne med ei liti tretropp ut til gata. Her hev sjøfolk butt. Hev sete på troppi um sumarkveldane og prata um ver og vind, um fine fullriggarar og um gode og dårlege fragter.

I Reynoldsheimen fortalde mor og born meg mange forvitnelege ting um den avlidne. Og sjølve heimen fortalde mykje. Det var ein sjømannsheim av dei gode gamle som eg kjende so godt frå min eigen fødeby Fosna (på oldenborgdansk: Christianssund N).

Carl Reynolds var ein vitekjær mann. Han såg med nyfikna på alt som fall i hans veg når han var ute på reis. Og alt merkelegt frå havet elder landjordi som han kunde få med seg, det førde han heim.

Her var mykje gildt frå langframande land. Her var fine sniglehus og fagre perleskjeljar, store sjøtre, kvite og raude korallar, skjelpaddor frå Savannah; strusse-egg; fæle humarklør frå Kanada, urimeleg store krosstroll og kråkebollar, sjøhest og kufisk, ein gamall sel, sagfisk-tenner og visunduksehorn, papegøyor og påfuglefjører, ein storstygg håkall, ein liten og ein stor alligator, skolten av eit amerikanskt dådyr, indianske mokkasiner, konglor frå kjempefuror, drikkekjerald av snodige frukter - sume utkrota, ei toppluva av palme-«bast» og mykje, mykje meir. På tunet ein stor, trillrund rullestein og ein flat stein med ein fossil fisk. Eit heilt lite musæum! Det fortalde meir um havet og langframande land enn mange forvitnelege bøker. Og det fortalde um ein mann som hadde sans både fyr kulturlivet i andre land og fyr dyrelivet og voksterlivet og fyr jordkunna.

På veggjene var det skip. Fullriggaren Høvding, med unionsflagget uppe, og ei jagt med eit stort reint flagg som breidde seg ut frå gaffelen i morgonvinden.

Eg var i ein skipperheim. Og den skipperen som budde her og kvilde ut etter slitet og kavet på sjøen, han hadde havt augo sine opne fyr alt vænt og merkelegt han såg på langturane sine.

I fristundene umbord var Reynolds aldri ledig, han hadde jamt noko han pusla med. Han laga fine skip til dei tri smågutane sine derheime. Eg såg eitpar: ein kutter og ein stor bark som hadde både skipper og fullt mannskap. «Det var underlegt», sa sonen, «kor liti tid far trong til alt slikt. Han hadde det liksom i fingrane.»

Han dreiv mykje med å skjera ut i tre, når han var umbord. Dotteri synte meg ei råma som han hadde laga. Ei av dei gamle medaljong-råmone med bladlauv ikring. Eit retteleg fint stykke arbeid.

Sume tider dreiv han med boklegt arbeid, skreiv brev og artiklar og skissor og dikt. Songane er fyr det meste religiøse. Eg hugsar eit vers av ein song som stod i «Brevduen» (bladet fyr «Broderkredsen paa havet») :

Tenk hvilken trost og glæde
«Vor Gud kan aldrig dø!.
Al tid er han tilstede,
Hvis Ord er livets frø.
Lad jord og himmel blegne,
Lad vort liv være hø.
Lad trængsel paa os regne:
«Vor Gud kan aldrig dø!»

Desse kunstmanns-evnone hev kome sterkare framm hjå tvo av sønene. Millomste sonen, Karl Reynolds, vart ein dugande portrætt- og landskapsmålar. Yngste sonen, Hans Reynolds, skreiv vakre songar og dikt på dansk og på norsk og mange reiseskildringar frå norrøne land: Færøyane, Island, Hjaltland, Grønland. Dotteri, fru Charlotte Foltz hadde ein god journalistisk penn.

Det var ikkje berre striden mot rusdrykken skipsførar Carl Reynolds brydde seg um. Alle saker, som kom inn på brorskaps-tanken var hans. Han hadde fare vidt i kring og set mange folk og land. Og hadde lært å finna framm til menneskja kvar han kom. Alle folkerasar var fyr hann ein stor systkinflokk. Han trudde fullt og fast på brorskaps-tanken. I striden um negerspursmålet som kløyvde godtemplar-ordenen i tvo stride flokkar - den Hickmannske og den Malinske - var han (som me hev set) på den rette (Malinske) sida som gav negeren same retten som dei kvite.

Reynoldshuset i Porsgrunn er eit kjært minne fyr alle godtemplarar. Dei hugsar at her tok den samfolkelege godtemplar-orden til i Noreg. Her vart den fyrste norske losia skipa og voks og fekk felagar og vart til den store samskipnaden som I.O.G.T. er i Noreg i dag.

Skipsførar Carl Reynolds veik ikkje, korkje på landjordi elder på sjøen. Han hadde upplivt noko av kvart. På sidste turen han gjorde fortalde sonen Hans - fekk han eit yverhendigt ver. Ein sjø tok og kasta han yverbord. Men ein ny sjø kom, bratt som ein vegg og stengde han inn på dekket. Ei trossa snara seg kring foten hans og han vart berga.

Han la upp i 1898. Men um han slutta sjøen slutta han ikkje arbeidet. Han fann nytt. Sine kjære sjømenner gløymde han aldri. Han skreiv i 1898 i «Bud og Hilsen»: «Den mest praktiske Virkemaade paa Afholdsfeltet øves efter min Erfaring af Goodtemplarordenen (det er da den internationale), spesielt for vore Sømænd, da man paa denne Maade har lettere for at kontrollere deres Troskab, ligesom der da ogsaa kan gives dem hyppig Anledning til at komme i godt Selskab paa de forskjellige Steder, hvor der ikke er nogen af vore [Sømands-I Missions-Stationer. jeg ved, at Søfolkene vurderer reelt Venskab, og det har ofte glædet mig at have havt Anledning til at følge mit Mandskab til et Goodtemplarmøde paa de forskjellige Steder.»

I dei tvo sidste åri han livde arbeidde han fyr Forester, eit amerikanskt livtrygdings-lag som bygde på brorskaps-tanken. Eldste sonen, yverretts sakførar Johan Reynolds, tok yver dette arbeidet då faren døydde i Porsgrunn den 14ande januar 1900. Det vart ei stor gravferd med mange helsingar frå innland og utland.

Minnestytta yver Carl Reynolds

Fyrste gongen i «Menneskevennen» 1901, andre gongen i «Dagbladet» 1909 og tridje gongen i godtemplarjoleheftet Solvending 1914 heldt eg i framm tanken um eit minnesmerke yver Carl Reynolds. Ei nemnd kom seint um sider i stand og ei innsamling tok til. Min gamle ven, skuleinspektør Olav Melkild, fekk 1. Heim i Bjørgvin til å gjeva dei fyrste 50 kr., og sidan kom ein årviss summ frå same losja. Då innsamlingi var til ende, fekk bilæthoggar Trygve Thorsen arbeidet med stytta; ho er av bronse og i heil figur. Ole Wangs steinhoggar-verkstad i Porsgrunn hogg forstykket; det er ljos labrador. Den 13ande mars 1927 vart minnestytta yver Carl Reynolds avduka i Porsgrunn. Til avdukingsdagen skreiv eg denne songen um

I.O.G.T. i Noreg:

Me er ei tåg av same rot
som gror i folkegrunnar
og søkjer djupt til helsebot
og drikk av kjærleiks-brunnar.
Og finn ho mold - i same stund
renn tæger ned i hjartegrunn.
Me er ei tåg av same rot
som gror i folkegrunnar.

Me er ei grein av same tre
som veks i alle ætter.
Med underfulle vokstersed
det sprett um vår og vetter.
I ishavsbygd og tropestad
der skyt det kvist, set blom og blad.
Me er ei grein av same tre
som veks i alle ætter.


Me er ein flokk av same her
som mot det vonde stemner.
Me ser det ok som folki ber,
den trældom som dei nemner.
Me gjeng til slag med hughellt mod,
vårt sverd er blankt, vår sak er god.
Me er ein flokk av same her
som mot det vonde stemner.

Me er ein lut av same band
som bind all verdi saman.
Å gjera godt i alle land
det er vårt største gaman.
Med dådfull elsk i von og tru
me spenner yver havi bru.
Me er ein lut av same band
som bind all verdi saman.

Idar Handagard.

  1. Same namnet hev forresten godtemplarane her i landet teke i bruk um barnelosjone sine.
  2. elder i ein «stat» (i nordamerikansk meining).
  3. Mine tal -: 7 losjemenner og 8. mars - hev eg ifrå Reynolds-folket. Andre stader stend det 10 lm. og 5te mars; men det kann vel vera frå eit fyrebuingsmøte. Dei heldt jamvel eit sovore møte i eit hus på vestsida av Porsgrunn, sa skuleinspektør Johan Henrik Knudsen i 1927.
  4. Pottølet vart forbode på storlosjemøtet i Stavanger 1879.
  5. Her er meint det norsk-danske Bogsprog som Porter hadde lært seg.
     
 Idar Handagard: Carl Reynolds og fyrste Godtemplar-losja i Noreg
Serprent av Norsk Tidskrift om Alkoholspørsmålet 1951. - 24 s.
 
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen